Årets postgrad-konferanse i norrøn filologi igjen med rekordhøg deltaking

Der var intense førebuingar i norrønmiljøet opp til sundagen den 08.04. Neste morgon skulle den årlege internasjonale postgrad-konferansen i norrøn filologi opnast, The 12th Bergen International Postgraduate Symposium in Old Norse Studies 2018: Norms, Laws and Literature, denne gangen med over 50 deltakarar frå universiteta i Aberdeen, Cambridge, Durham, Nottingham, Oxford, Bonn, Berlin, København, Oslo – og sjølvsagt Bergen òg.

 

Tidleg på måndagen byrja folk å samlast i Auditorium 3 på Dragefjellet. Dekanen Jørgen Seiersted helt ei opningstale, den var startskotet for eit svært variert program – tre dagar med 30 føredrag samt mange diskusjonar. Eit av programmets høgdepunkter var eit besøk på Spesialsamlingane. Deltakarane ble tatt vel imot av Rune Kyrkjebø og Pedro Vasquez. Det førte bl.a. til oppdaginga av ein ”gløymd skatt” som nå vil bli digitalisert. Sluttpunktet til konferansen var ein mellomalderleg byvandring på torsdag, med besøk av Håkonshallen og Rosenkrantztårnet, Bryggen med Mariakirken og Rådstuen, og avslutnigsvis Bergenshus Festningsmuseum i det finaste vêret som Bergen kan by på.

 

Norrønmiljøet ved Universitetet i Bergen har eit tett samarbeid med britiske og andre internasjonale universitet. Postgrad-konferansen vart opphavleg organisert av Else Mundal for doktorgradsstudentar og forskarar frå Cambridge, så har den blitt større frå år til år. Bortsett frå den faglege diskusjonen går arrangementet bl.a. ut på internasjonal nettverksdanning, forskingsbasert undervisning og fagleg-sosial integrasjon av studentar og stipendiatar i norrøn filologi. Dei siste åra vart konferansen organisert av Helen F. Leslie-Jacobsen og Jens Eike Schnall, med stor hjelp av stipendiatane, tidlegare Florian Schreck og Robert Paulsen, dette året Juliane Marie-Thérèse Tiemann og Zuzana Stankovitsová. Spesiell takk til Zuzana som organiserte den glimrande byvandringa!

 

Me gler oss allereie på 2019!

http://www.uib.no/en/rg/medievalphilology/114714/12th-bergen-international-postgraduate-symposium-old-norse-studies-2018

 

 

HMS-dag

 

Måndag 16. april arrangerte instituttet HMS-møte. Instituttleiar Johan Myking opna møtet med å legge fram HMS-planen for 2018 og fekk innspel til punkt for betring. Seksjonssjef Arve Sennesvik frå fakultet presenterte så korleis digital sjukmelding vil fungere i framtida.

Etter det var det leiar av husstyret ved HF, Odd Einar Haugen, som la frem planar om felles lunsjrom med IF, og arbeidet med å finne erimitusplassar på huset. Det pågår no eit samarbeid med IF for å få fortgang i desse sakene. Til slutt kom Roar Nese frå HMS-seksjonen ved UiB og fortalde om nye varslingsrutinar ved UiB.

«Ka vil du bli?» (språkdager)

10. og 11. april hadde LLE i samarbeid med IF besøk av 90 niendeklassinger. De var her i forbindelse «Ka vil DU bli?» som er en samarbeidsordning mellom skolene i Bergen og arbeidsliv og utdanningsinstitusjoner. Målsettingen er å gi elevene økt kunnskap både om seg selv og om samfunnet før de velger videregående opplæring. Her på HF fikk de smakebiter av norsk som andrespråk, spansk, nordiske språknøtter, tysk, japansk og navnegransking. På bildet ser vi Ivar Utne forelese i det sistnevnte emnet.

To nye stipendiater ved LLE

Patrick Farrugia er stipendiat i norrøn filologi og kommer fra et ruralt område utenfor Toronto som heter Caledon. Han ble interessert i filologi gjennom Tolkien og fikk et lidenskapelig forhold til språk generelt. Hans bachelorgrad ble fullført på Western University i London, Canada, og har spesialisering både i musikk og engelsk språk. Videre fullførte han mastergraden sin i «Viking & Medieval Norse studies» på Universitetet i Island, og gjennomførte her også et utvekslingssemester i København. Han er dessuten klassisk gitarist, og liker godt å både undervise og opptre.

Tori Larsen er ny stipendiat i lingvistikk her på LLE. Hun har vokst i Florida, USA og tok bachelorgraden sin på Universitetet i Florida. I 2015 flyttet hun til Norge og tok mastergraden her på UiB. Hun har spesialisering i psykolingvistikk med en bakgrunn i syntaks og semantikk. For tiden forsker hun på forskjellige fenomener i norsk syntaks, spesielt tomme kategorier.

Instituttleiar har ordet

Det er ei stor glede å få lov å skriva den første leiarkommentaren i det første digitale nummeret av LLE-nytt, som frå no av får til dels nye funksjonar.

 LLE er eit stort og mangfaldig institutt. Den gjensidige kjennskapen til ulike fagmiljø kunne opplagt vore betre, og informasjonsstraumen frå fakultetet, UiB sentralt og samfunnet utanfor er både stri og stor. Eit institutt som vårt må alltid streva etter å verta betre på informasjon og formidling. Når LLE-nytt no «går digitalt» og prøver å vera både ein blogg, nyheitsformidlar og kanskje debattorgan, er det eit spennande eksperiment.

 Dersom LLE-nytt skal lukkast med dette, må dei tilsette ved instituttet ta bladet (bloggen, bulletinen) i bruk. Eg håper at terskelen for å leggja inn stoff skal vera så låg som mogeleg, både teknisk og når det gjeld vurderingane av stoffrelevans. 

 LLE-nytt har hatt ein ivrig redaktør i Asle Leidland, som òg har vore drivkrafta i den digitale omlegginga saman med Rolf Beev. Takk til begge, og takk til eventuelle andre som har vore med.

 Og med dette nyttar eg samstundes høvet til å ønskja alle ved LLE ein god og fortent påskeferie! Johan

, mars 23, 2018. Category: Innlegg.

Vikar i praktisk informasjonsarbeid

Charlotte Hånes skal vikariere for Michael Hertzberg i faget praktisk informasjonsarbeid frem til juni. Hun har tidligere jobbet med planlegging og prosjektstyring i oljeindustrien. Charlotte er sunnmøring, men har bodd i Bergen siden 2004 og har hatt gleden av å ta utdannelse ved UiB innen språk, historie- og kulturfag.

, mars 23, 2018. Category: Innlegg.

Université de Tunis El Manar (UTM

Våren 2017 reiste en delegasjon fra LLE med Else Berit Molde, Ilka Wunderlich og Jens Eike Schnall til et av Tunisias største universiteter, Université de Tunis El Manar (UTM). UiB har inngått en Erasmus +-avtale for lærer- og studentutveksling med UTM i 2015.

På programmet i vår var et todagerskurs i norsk språk, litteratur og kultur for de tunisiske studentene, og dessuten faglige og kulturelle møte med kolleger. Målet er å øke samarbeidet mellom de to universitetene på denne grunnlag, planlegge felles prosjekter og stimulere studentmobiliteten gjennom utdanning og formidling av forskning.

Ved siden av arbeidsmøtene og undervisningen hadde den norske delegasjonen også litt tid for å besøke noen historiske og kulturelle steder i Tunisia, så som Bardomuseet, Karthago og Sidi Bou Saïd.

, mars 23, 2018. Category: Innlegg.